[Topp tre] Stig Elvis anbefaler skrekk for søvnlause netter i Norden.

Når eg skal lage topplister, enten det er innanfor litteratur, film eller musikk, så er eg tydeleg på at dette er MI liste. Og då bles eg ein lang marsj i om det er rett balanse mellom kjønn, nasjon, språkområde, og kor vidt sakprosa er med eller ikkje. Men ei begrensing har eg lagt på meg sjølv, og det er at lista kun skal handle om ein sjanger. Så her er mine topp tre favorittar i Norden innanfor skrekksjangeren.

Omslagsfoto: Cappelen Damm

Omslagsfoto: Cappelen Damm

1. Sigbjørn Mostue – I morgen er alt mørkt – Brages historie.

Kor eg enn har snudd og vendt meg det siste året, så har eg sagt til folk: “Les den siste til Sigjørn Mostue! Den er berre så rå. Fullt på høgde med The Walking Dead. Men enno meir skremmande. For her blir epidemien er gitt ei truverdig vitenskapeleg forklaring. Og så slutten, då, mann! Er det verkeleg slik at Brage …” Eg kan knapt vente til oppfølgjaren “Marlens historie” kjem.

2. Steen Langstrup – Pyromania.
Eg vil ta fram ei bok frå fortid og gløymsel. Mest for å minne meg på kor bra denne boka faktisk er. Ein vennegjeng på sju lever livet høgt og intenst i København. Så blir dei vitne til ein serie med påsette brannar. Som stadig skjer nærmare og nærmare. Er pyromanen ein av dei? Infernalsk uhygge.

circ

3. Sara Elfgren og Mats Strandberg – Sirkelen: Engelsforstrilogien 1.
Denne serien treng vel knapt nokon presentasjon, og er kanskje difor eit litt for opplagt og lettvint valg. Men det kan likevel ikkje seiast for ofte at dette er ei bok som har alt. Eit totalkunstverk og totalroman. Her er oppvekst, vennskap, kjærleik, intrigekøyr, trangt bygdeliv, identitet, skulekvardag, mobbing og sjølvsagt … blod! Elfgren og Strandberg sitter suverent trygt på Joss Whedon sine skuldre, og gir oss ein nordisk “Buffy – the vampire slayer”.

Om bloggeren:

Stig Elvis Furset er bibliotekar, forfatter og rådgiver ved Buskerud fylkesbibliotek. Hvert år i oktober er Stig Elvis med på å arrangere Ungdomsbokgildet – hvis du er lurer på hva Ungdomsbokgildet er så ta en titt på denne YouTube videoen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *