Intervju med Aina Basso

Aina Basso har blitt nominert til både Brageprisen og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013 for ungdomsroman Inn i elden. I dette intervjuet får du vite litt mer om både forfatteren og boken.

inn i elden

Intervjuet har tidligere blitt publisert på bloggen Flukten fra virkeligheten.

Aina om Inn i Elden

Først skal du få lov til å fortelle litt om Inn i Elden ved bruk av tre setninger.

Inn i elden handlar om to unge jenter, Elen frå Kiberg og Dorothe frå København, som hamnar på kvar si side av dei dramatiske og brutale trolldomsprosessane i Finnmark kring 1620. Over åtti kvinner blei brent som hekser i Finnmark i løpet av 1600-talet og prosessen som byrja i 1620 var den første alvorlege kjedeprosessen.

Historien i boken er satt til Vardø. Hvordan var det for deg å besøke Vardø med alle disse menneskeskjebnene i bakhodet?

Ein får ei heilt anna oppleving av landskapet, byen, gatene og vågane når ein veit kva som hende der for 400 år sidan. Landskapet, som i dag ser så uskyldig, vilt og reint ut, har i nokre mørke tiår vore dekt av svart, stinkande bålrøyk, og den friske vinden som kjem frå alle kantar, har ein gong ført med seg lyden av kvinneskrik og gråt.

Inn i elden er en historie som utspiller seg i en svart mørk tid i norsk historie. Da du gjorde reasearch til boken fant du i det hele tatt noen lyspunkter blant sakene du så på? Menneskene som var tiltalt for trolldom hadde jo veldig liten mulighet til å bevise sin uskyld.

Mange lyspunkt er det dessverre ikkje i desse sakene. Det einaste må vere at det fanst nokre stakkars sjeler som blei frikjende, men særleg mange var dei nok ikkje. For dei fleste som fekk heksemistanken over seg, gjekk det riktig ille.

Lensherrene var ansvarlige for utføringen av hekseprosessene, hvis jeg har forstått det riktig, og stod ansvarlige for å dømme kvinner og menn til blant annet døden ved brenning på bål. Hva slags mennesketyper tror du disse mennene var?

Eg vil tru dei som var ansvarlege for trolldomsprosessane, lensherrar, futar og prestar, var like ulike som dagens øvrigheitspersonar er. I boka fortel eg om to typar: den autoritetstru, som trur at det han gjer er rett og er representert ved futen, og den maktsvoltne, som ønskjer å oppnå eiga vinning, i boka representert ved lensherren Hans Køning.

Aina som forfatter

Foto: Tove K. Breistein.

Foto: Tove K. Breistein.

I løpet av en periode på fire år har du rukket å gi ut hele tre historiske romaner. Det er imponerende. Hvordan får du tiden til å strekke til?

Eg har vore heldig og fått høve til å skrive på heiltid i ein toårsperiode, noko som har gitt meg tid til å skrive både Fange 59. Taterpige og Inn i elden såpass raskt og konsentrert. Den første boka mi, Ingen må vite, skreiv eg derimot ved sida av full jobb. Har ein ideen og trøkket, trur eg ein får det til. Ein må berre ville det sterkt nok og rydde seg tid der ein kan.

I alle tre bøkene er handlingen satt til 1600-1700-tallet. Helt kontkret hva er det som appellerer slik til deg i akkurat denne delen av vår historie?

Eg opplever 1600- og særleg 1700-talet som ei spennande brytningstid mellom det gamle og det nye. Perioden 1500-1800 blir kalla tidleg moderne tid, eller tidleg nytid, og her er ein del av det gamle tankegodset frå mellomalderen bevart, medan ein ser kimane til den nye tida med opplysning, industrialisering og ei større humanisering, mellom anna av straffesystemet. Perioden er overraskande moderne på nokre måtar, og overraskande umoderne på andre.

I tidligere intervjuer har du uttalt at arbeidet ditt i Oslo byarkiv bidrar med mange gode ideer til stoff man kan skrive bøker om. Har du en sak du kan fortelle oss om som virkelig har gjort inntrykk?

Sterkast inntrykk har nok historia om ‘englemakerskene‘, gjort: kvinner som tok til seg pleiebarn i åra kring 1900, for så å drepe spedbarna og ta til seg nye, for å tene pengar.

Aina som leser

Finnes det en bok du har uttalt at du aldri skulle lese, men som du alikevel av en eller annen grunn har endt opp med å lese?

Det er mange bøker eg ikkje har trudd eg ville like, som eg har enda med å lese og likevel likt – nokre av dei også svært godt. Men ein konkret tittel som svar på spørsmålet ditt har eg nok ikkje, så bastant er eg sjeldan (og om eg er det, plar eg å halde fast ved det, sta som eg er).

Tusen hjertelig takk for at du stilte opp på intervju , Aina. Det har vært spennende å få vite litt mer om deg og den historiske ungdomsromanen Inn i elden.

Om forfatteren:

Aina Basso født i 1979 er forfatter og historiker fra i Giske i Møre og Romsdal. Basso skriver historiske romaner, fire stykker har det blitt så langt. Ingen må vite(2008), Fange 59. Taterpige(2010), Inn i elden(2012) og Finne ly(2014).

Intervjuet ble utført av Mari Høe

1506719_10153998627120206_4232418838332426524_nMari er NUBBs prosjektleder. Hun er, som resten av teamet i NUBB, glad i å lese og hun er lidenskapelig opptatt av litteratur for ungdom. Selv blogger Mari om ungdomslitteratur på bloggen Flukten fra virkeligheten og Escape In A Book. Mari driver også den norske bokbloggportalen Bokblogger.no.

In English:
This is an interview with Aina Basso, author of several historical novels. The interview was conducted when Basso’s young adult novel, Inn i elden was released. The novel has been nominated to win the Norwegian Brageprisen and to the Nordic Council Prizes 2013(the year that for the first time included a children and young adult category of the prize).

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *